Meny
Du er her:Siesta::Kven var farisearane?
Fakta til uke 18, 2010

Kven var farisearane?

Vi lova deg litt meir fakta. Her kjem det.

  

Her nokre fakta om farisearane som Jesus stadig var i konflikt med. Dei var jo bra menneske, så kva stod dei for som Jesus ikkje var samd i?

FARISEARANE

 -       Var opptekne av å ta religionen på alvor

-       Trudde Gud hadde gjeve dei valfridom, slik at dei kunne gjere det gode, og dermed oppfylle heile Guds moralske lov

Guds ord fortel oss derimot at me alle er syndarar, og står utan ære for Gud (Rom 3:23)

Me har ingen mulighet til å oppfylle lova, eller til å frelse oss sjølv. Me blir rettferdiggjort ved trua på Jesus Kristus.

Ettersom alle er syndarar, og Gud er ein rettferdig dommar, kan ikkje farisearane bli frelst gjennom sine gjerningar, då farisearane allereie har brote alle boda ved å bryte eit av dei (Jak 2:10).

Det er altså farisearane si hykleri som går ut på at dei trur dei kan oppfylle lova, og dermed frelse seg gjennom å gjere det gode, som Jesus så hardt kritiserer.

 

Farisearane si surdeig =farisearane si lære (Matt 16:12).

x

Bibelleseringen i Norge, Postboks 9285 Grønland, 0134 Oslo
Telefon: 22 99 29 69 E-post: kontor@bibelleseringen.no
Bankkonto gaver: 3000 15 37578
Ansvarlig redaktør: Jorunn Sjaastad
Drift: Kommunion