Meny
Du er her:Siesta::maler::Asbjørn Berland
Skribentene våre

Asbjørn Berland

Asbjørn er truleg vår sprekaste skribent.

 Eg er 19 år, og er elev på Framnes Kristne vgs. Skulen er over 100 år gammal, og ligg 3 km frå Norheimsund i Hardanger. Det å få gå på ein kristen internatskule er både eit privelegium og ei utfordring. Eit privelegium i form av at ein får høyre mykje kristen forkynning i form av morgenandakter og kveldsmøter. Det å gå på ein kristen internatskule er også ei utfordring, i form av at det er lett å bli sløva ned og likegyldig. Ein tenker lett at ein får så mykje kristent input andre plasser slik at ein ikkje tek seg tid til å lese nok i Guds ord. I tillegg er det lett for at noko så selfølgelig som Gud blir tabu på ein skule der Gud som regel kun blir nemnt i andakter og på møter. Slik sett saknar eg å vere eit lys for Gud på ein ikkje-kristen skule, ved å kontinuerlig bli utfordra på trua mi, noko eg særs sjeldan blir på ein kristen internatskule.

 
Utanom å delta på Framnes sine møter, går eg også på bedehuset heime i Samnanger. Sjekk gjerne web-sida www.fordeg.com. Elles liker eg å springe i motbakker, og deltek gjerne årlig på 10-15 motbakkeløp.
Kva neste år vil bringe, veit eg ikkje, men eg håper å få meg eit år på bibelskule, og eg vil også oppfordre alle andre til akkurat det. Eg vil gjerne helse lesarane med Hebrearane 4:12, i tillegg til eit sitat av den kjende forkynnaren Leonard Ravenhill: 
 
"No man - I don't care how colossal his intellect - No man is greater than his prayer life." 

Vil elles anbefale fleire av Leonard Ravenhills tankevekkande sitat. Sjå fleire på http://dailychristianquote.com/dcqravenhill.html og http://www.puritanfellowship.com/2007/11/leonard-ravenhill-quotes.html
 
Skulle det elles vere noko, er det berre å ta kontakt!
 
Mvh
 
Asbjørn

Bibelleseringen i Norge, Postboks 9285 Grønland, 0134 Oslo
Telefon: 22 99 29 69 E-post: kontor@bibelleseringen.no
Bankkonto gaver: 3000 15 37578
Ansvarlig redaktør: Jorunn Sjaastad
Drift: Kommunion