|
|||
Siesta veke 13, 29. mars-4. april Tema: Påskelammet – eit forbilde Sist veke las vi om israelsfolket som førebudde seg til å fare ut av Egypt. Det gjeng ein raud tråd frå forteljinga om utferda frå Egypt til påskeforteljinga om Jesus som døydde på krossen. Påsketekstane i år skal hjelpe oss til å forstå noko av symbolikken i det som skjedde med Jesus og forklare nokre av omgrepa som er brukte om Jesus.
Påskelammet og Kristus, Guds lam
Lam er eit viktig ord i Bibelen. Fyrste gongen vi høyrer om lam som vert ofra, er i beretninga om Kain og Abel. Ofring av dyr var den måten Gud hadde gitt menneska for at dei kunne kommunisere med han i sorg, glede, takk, anger og bot. Blodet av eit feilfritt lam var difor eit viktig symbol på at ofringa var gjort på rett måte. Gud hadde bede dei stryke blodet av eit lam på dørstolpane. Då ville dødsengelen gå forbi. Dei som sat bak ei dør som var merkt av blodet, vart berga! Kjøtet av lammet åt dei den natta, medan dei venta. Det var det første påskemåltidet. Jesus er vårt påskelam, og den som gøymer seg bak blodet hans, vert berga! Dette høyres litt rart ut. Men når vi angrar og bekjenner syndene våre og ber han om tilgjeving, er det akkurat som at han stryk blodet sitt over oss. Han gøymer oss i seg, og når Gud ser på oss, ser han ikkje oss og syndene våre, men Jesus! Det er Olivia Skorpen Lande som skriv tekstane denne veka. |
|||
Bibelleseringen i Norge, Postboks 9285 Grønland, 0134 Oslo |
|||