Meny
Du er her:Siesta::maler::SIESTA-VITNESBYRD
Profil

SIESTA-VITNESBYRD

Første bibelen min kjøpte eg på bokhandelen i Stavern. Eg var 20 år, var i militæret og hadde vore kristen eit par månader. Svart, fin skinnbibel som lukta nytt. Min bibel! Og på nynorsk frå 1930-talet(!) Men så vidt eg kan hugse, tenkte eg ikkje på akkurat det som eit problem. Rart kanskje, ei bok på 1300 sider med uvant og tungt språk. Kva slags idé var det eg hadde fått? Eg tenkjer meg ein situasjon som liknar:

 Heilt uventa har eg funne eit forsvunne kart til ein gamal kjempeskatt og står til slutt åleine i skogen, akkurat ved krysset på kartet. Men så er jorda hard, og her er røter og stein som må ryddast bort. Eg gidd ikkje å grave. Så eg går heim og gløymer heile greia.. Sannsynlig? Aldri! Om eg så var utan spade ville eg gravd med berre hendene.

Tok du poenget? Det kan vere strev å grave i Bibelen også. I alle fall om språket er uvant. Men du gir deg ikkje, for no har du funne fram akkurat til krysset (korset..?) der skatten er. Og du er villig til å grave. Grav!! Ikkje bry deg om at dei andre syns du er rar. Dei veit ikkje at du har funne ein skatt! Leit, så skal du finne! Har du spade, forresten? Ja, det har du. SIESTA ER EIN SPADE til å grave fram skattar i Bibelen. Genialt! Takk for Siesta!

Eg las etterkvart igjennom heile bibelen min. Med fargeblyant! Han er full av strekar og ruter og notatar. Prøv det same du. No er eg 51 år og Bibelen min er det kjæraste eg har. Gud er der. Jesus er der. Den Heilage Ande er der og forklarar Ordet for meg. Akkurat som om han opnar skattkista. Ord som gjer vondt og ord som gjer godt. Endå i dag syns eg det er rart at eg er ein kristen og får vere så nær Jesus.

Eg har fått meg ny bibel igjen. To gongar. Å reise bort uten er omtrent like uvant som å køyre uten sikkerhetsbelte :o). Lykke til med å lage deg ein bibelvane. Ein "klosterregel" for livet ditt. Les Bibelen kvar dag, når du har lyst og når du ikkje har lyst! Gjerne med spade!

No har eg fått bruke alle desse åra i barne- og ungdomsarbeid i misjonen. Gud er god! Difor har eg hatt sånn bruk for skattane i Bibelen, men mest for min eigen del. Det er sant. Spesielt orda om Gud som tilgir og elskar syndarar. Dei er gyldige kvar dag. Bibelen er fantastisk for syndarar som treng tilgjeving. Og hjelp. Og nytt mot, og styrke og råd - og eit fang å sitte på.

"Himmelriket er likt ein skatt som var gøymt i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. I SI GLEDE gjekk han bort og selde alt han eigde, og kjøpte åkeren" Matt 13,44.

Ole Audun Os

Bibelleseringen i Norge, Postboks 9285 Grønland, 0134 Oslo
Telefon: 22 99 29 69 E-post: kontor@bibelleseringen.no
Bankkonto gaver: 3000 15 37578
Ansvarlig redaktør: Jorunn Sjaastad
Drift: Kommunion