Meny
Du er her:Siesta::Siesta::Kan Gud virkelig bruke hvem som helst?
Siesta veke 37, 13.-19. september

Kan Gud virkelig bruke hvem som helst?

Siste Jeriko: Sjokkangrep fra kirkelig brassband. Tvilsom kvinne eneste overlevende

Rahab var skjøge og vertshushaldar. Somme har difor spekulert i om speidarane til Josva harsvikta oppdraget sitt, og er på besøk i eit horehus. No veit vi at ordet skjøge også vart nytta som kallenamn på kvinnelege vertshushaldarar, utan at dei nødvendigvis selde seksuelle tenester. Babylonske lover på den tida forplikta kvinnelege hotellvertar til å rapportere til kongen dersom nokon planla samansverjingar i huset deira. Det var dødsstraff for å la vere.

 Det Rahab gjer i Josva 2 er altså overmåte modig. Ho viser oss tydeleg kva det vil seie å lyde Gud meir enn menneske. Biletet til venstre er frå den offisielle logoen til Ministry of Tourism i Israel. Hendinga med speidarane som bar drueklasen mellom seg, er så viktig at staten Israel vil bruke det i marknadsføringa av landet som turist

Opp gjennom historia har mange gjort det same som Rahab, til dømes gøymt unna menneske som har vore forfylgde. Særleg frå den store jødeforfygjinga under andre verdskrigen høyrer vi historier om dette.

Bibelen seier at det fører signing med seg å hjelpe Guds folk. Jesus ber oss om å hjelpe menneske som er i naud eller vanskar. 

Denne veka og neste les vi frå Josvas bok i Siesta. Det er Sigrun Risa Kalvenes som skriv kommentarane i veke 37, og Julian Aastrup har og bidratt i tekstarbeidet. 

 

Bibelleseringen i Norge, Postboks 9285 Grønland, 0134 Oslo
Telefon: 22 99 29 69 E-post: kontor@bibelleseringen.no
Bankkonto gaver: 3000 15 37578
Ansvarlig redaktør: Jorunn Sjaastad
Drift: Kommunion