|
|||
Siesta veke 38, 20.-26. september RollebyteJosva går inn i Jeriko Situasjonen kan snu fort når Gud er med på laget. Fylg med på denne spennande etappen i Israel si historie
Det må på fleire måtar vere spesielt for Josva å ta imot speidarane når dei no kjem heim frå oppdrag. Då Moses sende speidarar inn i Kanaan 40 år tidlegare, var Josva ein av dei. Den gongen melde dei om kor farleg det kunne vere å gå inn i landet, og kor fiendtlege folka var i byane. Israelittane vart redde og vart motlause og sinte då dei høyrde om dette. Du kan lese meir i 4 Mos 13 og 14. Men Josva og Kaleb var også trygge på at Gud ville vere med dei og verna folket sitt. Det må difor vere ekstra sterkt for Josva å høyre at rollene no er bytta om. No er det folket på den andre sida av grensa som skjelv av frykt, ikkje israelittane. Gud er god på rollebyter. Det er godt å tenke på dei gongane det verkeleg kostar å vere kristen og lite på Gud. Ein gong skal rollene verte bytta om. Det er framleis Sigrun Risa Kalvenes som har skrive kommentarane til tekstane frå Josva, og Julian Aastrup har vore tekstmedarbeidar frå sin base i Levanger. |
|||
Bibelleseringen i Norge, Postboks 9285 Grønland, 0134 Oslo |
|||